Meisterklasser med Hans-Ola Ericsson

Arrangementsinformasjon

Den verdskjende organisten Hans-Ola Ericsson er gjest under årets Norsk orgelfestival. I tillegg til å spele både opnings- og avslutningskonsert i henholdsvis St. Petri kyrkje og Stavanger konserthus, vil han også gje meisterklasser under festivalen. 

Tema for klassane er nordisk romantisk orgelmusikk. Dei som ønsker å vere aktive (dvs. spele for Ericsson) må kontakte festivalleiinga på førehand via epost at434@kirken.no, men alle med kurspass eller billettar er velkomne til å sjå og høyre på meisterklassane.

Meisterklassane finn stad i ei av stavangerkyrkjene kl 9-12 og 14-17 fredag 14. september. 

ericsson
orgelfestival
stavanger
sandnes